Historia til Jentekolonien på Skodje

 Starten

 Huset vart gjeve som naudhjelp til Ålesund etter bybrannen i 1904. Det var Keiser Wilhelm II som gav det og mykje anna under oppattbygginga av byen. Det vart oppført på Aspøya og fekk namnet «Aspøen sovebrakke».  Det finst framleis bilde av tyske marinesoldatar i kvite dresser som bygg huset. I 1904 kom lova om at det berre skulle byggast murhus, Murtvanglova, og huset måtte rivast i 1907.    P. Juuls Sandvig d.e. ville hjelpe dei svake og tok initiativ til å få ei tomt på Skodje og fekk reist huset opp att der i 1908.

 Huset vart påbygt i 1916. Frå den tid budde der opptil 38 jenter der om sommaren. Dei vart vogne den dagen dei skulle reise inn der, og likeeins når dei kom attende til Ålesund på hausten.  På den tida hadde dei lagt på seg frå 1,5 – 7,2  kilo, så dei har utan tvil hatt godt stell den tida dei var på ferie der.

Omnen som endå står på kjøkkenet vart den tida brukt til både baking og oppvarming. Der vart baka 16 brød kvar dag.  Der var og vedfyring på alle rom, med eit sinnrikt system av omnsrør mellom romma. På 70- talet vart desse omnane fjerna frå staden. Også dissestativa på utsida, som var laga av gasslyktestolpar frå Ålesund, vart fjerna.  Under ei rydding vart derimot to gode gamle stolar frå byen teke vare på av ein privatperson, og desse har ein no fått att som gåve.   Dei er til omtrekking og vil verte plassert der dei høyrer heime når dei kjem att.

Jentekolonien vart dreven med jenter fram til slutten av 50 talet. På gutekolonien kom  det då ein periode med både gutar og jenter vekselvis. 

I perioder har også andre budd i huset. Frå 1948-49 budde familia til Ole Strømmen der i 4-5 år i eine enden, medan familia  Kalvø budde i andre enden.  Ein lærar frå Sykkylven, Lyshol, budde der ein periode under krigen. Skodje kommune brukte deler av huset som klasserom ein periode rundt 1960.  og Skodje Fabrikker brukte det som lager for sofagrinder ei tid. Forfallet vart stadig større, og tilslutt var det berre 4 heile ruter att av 138 før alle vindauga vart spikra att med flaker. Ungar / ungdom brukte huset utan løyve til sine «fritidssysler» omlag frå 1965 og utover. 

Det vart vedteke at huset skulle brennast og det var ønske om å bygge bensinstasjon og trailergarasje der. Heldigvis var det personar som gjekk mot dette og Ingebrikt Berg arbeidde aktivt for å berge huset. Han ringte mellom anna til lensmannen og varsla om at dersom det skulle settast fyr på huset, ville han klatre opp på mønet og sette seg fast der. Det ville i så fall verte snakk om mordbrann meinte han.

Tilslutt vart det etter initiativ frå Njell Hofftun sendt ut tilbod til lag og organisasjoner om å få ta over.  Fleire lag var intressert, men til slutt var det berre Lions som stod att.

Dugnadsinnsats frå mange.

Lions ville restaurere huset, men det vart mykje meir arbeid enn dei hadde rekna med. Mellom anna var heile vestveggen roten og måtte skiftast. Det vart gjeve eit kostnadsoverslag på skifting av vindauga på 140 000 kroner, men Ingebrikt Berg bydde seg då til å skifte dei åleine. Det var eit omfattande arbeid med reingjering av sprosser og karmer før han kunne starte med innsetting av glas.  Magnar Flåthe gav då gratis glas av den originale sortten til alle rutene og etter ei tid var alt ferdig, med ein kvalitet som truleg oversteig det opprinnelege.

Serleg på grunn av dette arbeidet fekk huset «Godt vern» prisen i 1996. Skodje kommune valde eigedomen til Tusenårs-stad, og  til liks med alle kommuner i landet, mottok også Skodje  119500 kroner til dette formål. Dette vart brukt til å opparbeide parken til det den er i dag. Serleg gravemaskinleiga var ein stor post i dette.

Denne tida vart det gjeve gåver til prosjektet frå mange i bygda, både privatfolk og firma stilte opp med penger og andre gåver.  Men arbeidet vart likevel svært krevjande for dei som heldt på, og mange gjorde ein jobb som det i ettertid står stor respekt av. Trass i det store løftet den gang, vert likevel det aller meste av vedlikehaldet framleis utført på dugnad. Ein må likevel skaffe midlar til ein del av dette og til dei faste kommunale avgiftene. For å dekke dette, vert huset leigd ut til arrangement av ymse slag.