Tusenårsparken på Skodje populær stad!

Skodje Lions brukte mange år på å restaurere huset Jentekolonien. Ufatteleg mange dugnadstimar vart lagt ned her av eldsjeler i foreninga og det vart brukt mykje penger både frå private og firmaer til å få huset i den stand det har i dag. No er det eit av dei verkeleg stashusa på Skodje og vert brukt til utleige for slutta lag, konfirmasjoner, bryllup og andre festlege sammenkomster. Serleg på grunn av dette arbeidet fekk huset «Godt vern» prisen i 1996. Skodje kommune valde eigedomen til Tusenårs-stad, og  til liks med alle kommunar i landet, mottok også Skodje  119500 kroner til dette formålet. Dette vart brukt til å opparbeide parken til det den er i dag. Likevel er det mykje vedlikehald som må gjerast heile tida, både med huset og parken rundt. Dette er det medlemmer av lions som tek seg av, og syt føre at staden er presentabel til ei kvar tid.
Ender 014

Parken rundt huset vert stadig meir populær. Same kor tid ein no legg turen dit, finn ein oftast andre som er ute i same ærend.  Og kva ærend har ein så i parken?  Det kan nok dekkast med eit ord: Rekreasjon!  Her er gode stier som det er lett å trille barnevogn på eller rullestol for den del. Her er tre og busker som blomstrer det meste av sommaren, og sjølvsagt benker som ein kan sette seg ned på for å nyte freden og stillheten der.  Dei siste åra har besøket i parken steget endå meir etter at lionsklubben på Skodje laga i stand rundt dammen og sette ut ender der. Kvart år er der tre ender som koser seg i dammen,  og dei set pris på ein brødskalk frå dei som kjem for å nyte synet av dei.

 

Barnehagen har hatt fast jobb dei siste tre åra med å fore endene i veka, og lionsmedlemmer tek seg av foringa i ferier og helgane. På den måten har ein fått dette til å fungere, og alle som er der ser til at endene har det bra! Ender 018

 

Med godveret denne veka kom også endene på plass, og no er det berre å ta seg ein tur for å nyte freden der og det gode veret dei næraste dagane! Nyt synet på www.jentekolonien.no.

 

Her vil det komme lenker og små artikler om ting som skjer på Jentekolonien.

Andeslepp 2013

Huldredans på Jentekolonien 2010