Historia bak huset
Huset vart gjeve som naudhjelp frå Keiser Wilhelm II som ein del av oppattbygginga av Ålesund etter bybrannen i 1904. Det vart oppført på Aspøya og fekk namnet «Aspøen sovebrakke». Det finst framleis bilde av tyske marinesoldatar i kvite dressar som bygg huset. I 1904 kom lova om at det berre skulle byggjast murhus, Murtvanglova, og huset skulle rivast i 1907. P. Juuls Sandvig d.e. ville hjelpe dei svake og tok initiativ til å få ei tomt på Skodje og fekk reist huset opp att der i 1908.
​
Huset vart påbygd i 1916. Frå den tid budde der opptil 38 jenter der om sommaren. Dei vart vogne den dagen dei skulle reise inn til Skodje, og likeins når dei kom attende til Ålesund på hausten. På den tida hadde dei lagt på seg frå 1,5 – 7,2 kilo, så dei har utan tvil hatt godt stell den tida dei var på ferie der. Jentekolonien vart driven med jenter fram til slutten av 50-talet, og etter dette kom det ei periode der både gutar og jenter vekselvis budde på Gutekolonien – eit hus som ikkje eksisterer i dag.
I perioder har også andre budd i huset. Frå 1948-1949 budde familien til Ole Strømmen der i 4-5 år i eine enden, medan familien Kalvø budde i andre enden. Ein lærar frå Sykkylven, Lyshol, budde der ein periode under krigen.
​
Skodje kommune brukte delar av huset til klasserom ei periode rundt 1960, og Skodje Fabrikker brukte det som lager for sofagrinder ei tid. Forfallet vart stadig større, og tilslutt var det berre 4 heile ruter att av 138 før alle vindauga vart spikra att med flaker. Barn og ungdom brukte huset utan løyve til sine «fritidssysler» omlag frå 1965 og utover.
​
Det vart vedteke at huset skulle brennast og det var ønske om å byggje bensinstasjon og trailergarasje der. Heldigvis var det folk som gjekk i mot dette, med Ingebrikt Berg i front, som arbeidde aktivt for å berge huset. Han ringte mellom anna til lensmannen og varsla om at dersom det skulle settast fyr på huset, ville han klatre opp på mønet og sette seg fast der. Det ville i så fall verte snakk om mordbrann meinte han.
​
Til slutt vart det etter initiativ frå Njell Hofftun sendt ut tilbod til lag og organisasjoner om å få ta over. Fleire lag var interesserte, men til slutt var det berre Lions Club Skodje som stod att.

